Det finst coverband. Og så finst det Loveshack.
Og dei kjem ikkje for å spele konsert.
Dei kjem for å ta over heile forbanna teltet.
Loveshack er rett og slett det næraste du kjem ei tidsmaskin – rett tilbake til 80-talet, der håret var høgare, refrenga større og alt var lov.
Og ja… du kan tekstane.
Du berre veit det ikkje endå.
Dette er bandet som har spelt over 1500 konsertar for fleire hundre tusen menneske – og kvar gong går dei på scena som om det er den viktigaste festen i verda. Og akkurat den følelsen… den smittar.
Som folk seier det:
“Norges svar på KISS.”
Og det er ikkje sagt med låg stemme, for å seie det sånn.
Og Pat Sharp (ja, den Pat Sharp) meinte rett og slett at dei er ein svært tung act å følge.
Det er ein ganske grei fasit på kva du har i vente.
Dette er ikkje “stå og nikke litt til musikken”.
Dette er:
– Allsong så høg at du mistar stemmen før midnatt
– Dansing du kjem til å angre på i knehasane dagen etter
– Den eine låta etter den andre som du hadde gløymt at du elska
Og plutseleg står du der.
Med ein arm rundt ein kompis.
Og den andre i lufta.
Og syng som om du er headliner sjølv.
Loveshack leverer kvar einaste gong.
Uansett om det er afterski, klubb, festival eller… ja, Stryn.
Så eigentleg er det berre éin ting å seie:
Dette blir ikkje roleg..

