Opningstider 2025:
- Onsdag 10. sept kl 16–19
- Fredag 12. sept kl 16–20
- Laurdag 13. sept kl 13–18
- Onsdag 17. sept kl 16–22
- Torsdag 18. sept kl 16–22
- Fredag 19. sept kl 12–02
- Laurdag 20. sept kl 12–02
Følg med på facebook for oppdateringar om våre opningstider
Kort om Shoppen
Cluben har sjølvsagt skreddar og butikksjef frå eigne rekker. Endre Bø er clubens ubestridte motemeister, og med sitt kontaktnett av leverandørar i dei bayerske alper tilbyr han det meste av kva du måtte ønske. Du finn han og hans gode medhjelparar i Stryn Ping Pong Club sitt Clubhus i Perhusvegen 18.
Endre fortel; “Vi ping pongarane starta oktoberfestbutikk for nokre år sidan. Dette gjer vi for at gjestene våre skal kunne få tak i klede som passar til festen. Vi gjer det ikkje for å tene pengar, men for at festen skal bli betre. Våre prisar ligg 20-30% under det du finn på nettbutikkane, så det løner seg å handle lokalt. Eg trur kombinasjonen av klede, bartar og ompamusikk bidreg til at folk slår seg laus, og det er nok grunnen til at nokre meiner vi arrangerer Norges beste fest”.








