Årets BINGO
BINGOINNTEKTER TIL STRYN RØDE KORS OG LEVE-LANDSFORENINGEN FOR ETTERLATTE VED SJØLVMORD!
Stryn Ping-Pong Club og OKTOBERFEST STRYN er glade for å kunne presentere Stryn Røde Kors og LEVE-Landsforeningen for etterlatte ved sjølvmord (Leve Sogn og fjordane) som mottakarar av dei innsamla midlane frå laurdagens showbingo!

Stryn Røde Kors har vore med Oktoberfest Stryn i alle år, og er ein svært viktig bidragsytar for oss i Stryn Ping-Pong Club under planlegginga og gjennomføringa av festivalhelga.

Dei fleste har nok sett og møtt representantar frå hjelpekorpset til Stryn Røde Kors, både på Oktoberfest Stryn og på andre lokale festivalar, konsertar, kulturarrangement og idrettsarrangement, kledd i dei karakteristiske raude uniformane sine. Mange har nok også lese i media om den uvurderlege innsatsen deira under redningsaksjonar, og når dei har vore med på søk etter sakna personar. Hjelpekorpset i Stryn Røde Kors består i dag av 40 flotte frivillige med ein unik kompetanse i å delta i både redning og søk, anten til fjells eller til sjøs, i bratte fjell og ulendt terreng, eller i vinterfjellet når det er frykt for at folk har blitt tekne av enten uvêr eller skred.

Stryn Røde Kors har òg ei omsorgsgruppe, som også består av 40 flotte frivillige. Omsorgsteamet tilbyr ei lang rekke tenester og aktivitetar som i stor grad kjem våre gamle, pleietrengande, sjuke og einsame til nytte og glede. På omsorgsheimen arrangerar dei trilleturar, dei tilbyr ei mimregruppe som eit sosialt samtaletilbod for beboerane, dei arrangerer faste dansekveldar og dei sørger for festivitas under høgtidene. Dei har òg ei besøksteneste for menneske som ønsker eit sosialt innslag i ein kanskje einsam kvardag. Juleblomar til alle dei er i kontakt med gjennom året er ein fast tradisjon. Omsorgsteamet tilbyr også ei hand å holde i for dei som ligg på det siste. Ein del har kanskje ikkje eit nettverk av pårørande rundt seg, og då hjelper dei frivillige til slik at ingen treng å møte døden åleine.

Stryn Røde Kors er open for alle over 16 år, og dei har stadig behov for nye medlemmar. Dei tilbyr både kursing og andre aktivitetar, som skal bygge kompetanse hjå dei frivillige, samstundes som dei tilbyr ein stad for sosialt samvær.
Pengane som vert samla inn denne Oktoberfesthelga bidreg til at Stryn Røde Kors skal kunne oppretthalde ein god beredskap, både når det gjeld utstyr og kompetanse.

Vi i Stryn Ping-Pong Club takkar både for samarbeidet og for den fantastiske jobben de gjer for oss alle!

Ønskjer du å vere frivillig, eller ønskjer du meir informasjon, så kan Stryn Røde Kors kontaktast på https://www.facebook.com/strynrodekors

Ønskjer du å bidra økonomisk kan du bruke VIPPS: 86313