Dette seier Nils Petter Hauge, ein av grunnleggarane bak LEVE – Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord, og styreformann i LEVE Sogn & Fjordane, i samtale med Oktoberfest Stryn. Og det er viktige bodskap han formidlar til oss denne lune seinsommarkvelden i Stryn.

Hauge var med på stiftinga av LEVE i 1999, saman med Kari Dyregrov, dr. philos og professor ved Fakultet for helse- og sosialvitenskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), og prof. II ved Senter for Krisepsykologi, UiB.
Føremålet for organisasjonen er å gje støtte og omsorg til etterlatne etter sjølvmord, samstundes som dei driv sjølvmordsførebyggjande arbeid.
Hauge, som er utdanna sosiolog, byrja å jobbe med sjølvmord som fagfelt i si tid på Seksjon for sjølvmordsforskning og førebygging på Gaustad Sykehus – Oslo Universitetssykehus. Det var også her han byrja å jobbe saman med Dyregrov.
-Forsking viste at etterlatne etter sjølvmord sakna ein arena der dei kunne møte andre etterletne. Og det var på bakgrunn av denne innsikta at vi byrja LEVE, fortel Hauge.
LEVE jobbar i tett kontakt med fagfolk og helsevesenet. Men likepersonstøtte står også sterkt i organisasjonen. Dette betyr at menneske som sjølv har opplevd å miste nokon nære i sjølvmord er med i samtaler, særskilt med nye etterlatne, og er med å legge til rette for å skape møteplassar for etterlatne i sitt eige nærmiljø.
-Helsevesenet spelar ei viktig rolle i dette arbeidet, både i det preventive og i det oppfølgjande arbeidet med sjølvmordsetterlatne. Men eit legekontor er kanskje ikkje alltid den enklaste plassen for alle. Derfor tilbyr vi i LEVE samtalepartnarar som både har tida og erfaringa som skal til for å ta imot etterlatne i en vanskeleg og sårbar situasjon, og tilby dei mogelegheit for å samtale med eit medmenneske, gjerne i timevis om dette er behovet, fortset Hauge.

Ved sida av tilbod om samtalepartnarar, står LEVE også som arrangør av fagdagar og markeringar, og som til retteleggar av lokale møteplassar. De er også jamnleg til stades på ungdomsskular, vidaregåande skoler og høgskular.
-I LEVE arbeider vi og for å nå ungdomen. Sjølvmord angår dessverre alle aldersgrupper, så vi har egne ungdomskontaktar og vi arrangerer stadig fleire ungdomssamlingar.
Når samtalen dreier seg over på sjølvmord, er det ein engasjert Hauge som pratar og forklarar.
-De aller fleste vil ikkje dø, men dei har kome til et punkt i livet der frykta for livet blir større enn frykta for døden. Vi ser ikkje sjeldan at både livslysta og livsgnisten kan auke hos menneske i dagane og ukene opp imot et selvmordsforsøk. Men så kommer de til et punkt der dei ikkje lenger klarer å mobilisere nok kraft til å fortsette på den livsvegen dei går.
Og det er der vi som samfunn må trå inn. Vi må anerkjenne at for eit utvalg menneske blir livet så mørkt at dei ynsker å avslutte det. Vi som samfunn har og ei plikt til å møte disse mørke tankane og tilby eit alternativ i form av eit liv som kvar og ein handterar, og finn glede og meining i.
Det er alvorlige tema vi snakker om, og Hauge fortset.
-Sjølvmord kan for mange tykkjast for rasjonelt i den konteksten dei lev i. Og for ein del synes det og rasjonelt å tru at menneska rundt ein får et betre liv om ein sjølv vel å avslutte sitt. Då er det så ufatteleg sårt og vondt å sjå kor feil dei tar, og kor vondt og vanskeleg dei som sit igjen som pårørande etter eit sjølvmord får det.
-Vi må og sjå på dette som et samfunnsproblem, og ikkje som et familieproblem. Vi er alle sjølvmordsforbyggarar. Den kunnskapen og røynsla kvar og ein av oss sit med i våre eigne liv, kan være et avgjerande supplement til helsevesenet sitt arbeid med å førebyggje sjølvmord.
Det vi og skal hugse på er at eit utval av dei som overlever et sjølvmordsforsøk er takknemlege for at de overlever.
Årleg er det mellom 600 og 700 menneske som vel å avslutte livet, tre gongar så mange menn som kvinner.
-Å få jobbe med Stryn Ping-Pong Club og Oktoberfest Stryn er noko vi i LEVE set stor pris på. Ein ting er pengane vi mottar, men like viktig er merksemda de gjev oss i LEVE og det fokuset vi saman kan sette på sjølvmord som eit samfunnsansvar.
Pengene dei mottar har dei planane klare for.
-Vi ønsker å øke frekvensen på ungdomssamlingane våre, samstundes som vi og jobbar med fleire samlingar for etterletne . Vi arrangerer også ei årleg etterlattesamling på Gloppen Hotell, der både etterletne og fagfolk samlast for samtaler og erfaringsutveksling. Så det er gode og viktige bidrag SPPC og Oktoberfest Stryn kjem med!
Har du ynskje om å snakke med ein likeperson frå LEVE kan du finne kontaktinformasjon på https://leve.no/fylkeslag/sogn-og-fjordane/.
Ved krise og øyeblikkelig behov for hjelp:
Akutt nødhjelp: 113
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Mental Helses hjelpetelefon: 116 123
Har du lyst til å støtte LEVE – Sogn & Fjordane økonomisk kan du sende VIPPS til 536161.