Oktoberfesten 2019
Oktoberfesten 2019 - post festum.
Skreve av Burgermeisterin Anne Margrete Tonning

Eg byrja slanke meg sist måndag! Eg skal kome meg lettare opp i hestevogna til paraden på Oktoberfest neste år.

Den hyggelege kusken frå Skjåk helsa meg, då eg stod og vurderte korleis eg skulle kome meg oppi den flotte doningen utan stigbrett: «Du kjem deg nok oppi i år med! Eg hadde faktisk tenkt å ta med ei lita gardintrapp, men eg tykte den var så stygg!». Han hadde to staute og sterke «lakeiar» som gjekk bak vogna for å sope opp eventuell hestemøkk. Dei vart kommanderte til å løfte «Madammen» opp i den staselege vogna, trekt av eit dobbeltspann, to flotte mørke hestar, (ikkje fjordingar men, men). «Madamma» hans og ei anna flott jente gjekk framme og heldt i beksla til å byrje med. Tenk at denne stallen frå Skjåk sender to hestar, ei stor vogn og eit mannskap på fem over fjellet, dei var på plass i tolvtida for å køyre Oktoberfestens Burgermeisterin i paraden som varer om lag ein halvtime, og så skulle dei returnere heim att. Sjølvsagt fekk dei honorar, men likevel! Eg tykkjer dei fortener heider og ros. Joviale og i godt humør var dei og, så tidleg på dag! Eg vil dele ut fleire verbale roser med det same.

Ping Pong gutane har fått mykje heilt fortent ros, men eg vil rose dei og for dei flotte og mange toalettfasilitetane dei hadde fått på plass. Reine og fine toalett og ikkje papirmangel, rett nok var det vel ikkje gutane som hadde ettersyn med dette.

Litt kø var det jo likevel, men det er sosialt å stå i kø. når folk er i så godt humør. Ja, eg vart til og med sjekka opp i dokøen! Ein ung gut sa til meg: «No må du passe deg i trappa, (han såg vel at eg hadde litt for sidt skjørt og trakka oppi det)- er du singel forresten? «Eg måtte jo berre tilstå at det var eg ikkje! Siste rosa vil eg gje til festdeltakarane frå Olden som tok toget inn til Stryn laurdagskvelden, det tok vel litt tid, men dei skapte utvilsamt godt miljø! 

Vi sjåast til neste år!


Overnatting
Bookingsjef for Oktoberfesten er Thomas Steenslid.

Ved spørsmål om overnatting, ta kontakt på tsteenslid@outlook.com
NB: Gjelder KUN spørsmål om overnatting!

Det er alltid lurt å vere tidleg ute!! 

Stryn Vertshus
Booking kontakt: 57 87 05 30 / 416 82 198

Strynehallen (Campingbil/Vogn/Buss og Lastebil)
Booking kontakt: stryn.handball.arr@gmail.com

Visnes Hotell
Booking kontakt:  57 87 10 87
 
Stryn Hotell
Booking kontakt: 57 87 07 04

Hotell Loenfjord (12km fra sentrum)
Booking kontakt: 57 87 57 50

Hotell Alexandra (12km fra sentrum)
Booking kontakt: 57 87 50 00 
 
Hytter (2,5km fra sentrum)
2 hytter med 6 sengeplasser, 2 hytter med 4 sengeplasser.
Booking kontakt: 900 48 785

Vi oppfordrar folk som har hybel, leilighet eller hus ledige for helga å ta kontakt med bookingsjef Steenslid.