Informasjon vedr. Corona
Informasjon i samband med Coronaviruset.
I morgon er det 6 månader til vi nok ein gong smell i gang Noreg sin beste Oktoberfest! 18. og 19.september, midt i Stryn sentrum!!

Vi jobbar i alle fall ut i fra at det blir oktoberfest og i år, sjølv om Covid19-viruset gjer sitt til å forstyrre oss i førebuingane... :(

Planen vår var å legge ut billettar til årets fest om ikkje lenge. Men fram til situasjonen rundt viruset er meir avklart, avventar vi og held dykk alle litt på "pinebenken"!! :)

Vi i Stryn Ping Pong Club oppfordrar alle om å følge dei pålegg og retningslinjar som blir gjeve av myndigheitane, og så krysser vi alt vi har for at Corona forsvinn like fort som det kom!!