Hofbrauhaus Show i Stryn
Beinhard Ompa med allsang, bayersk folkedans, kuklokkespel og mykje meir.
I år har Ping Pong Cluben virkelig slått på stortromma.

- Vi var i ferd med å utvikle oss i retning av ein musikkfestival. Nokre grep måtte gjerast for å sikre den genuine Oktoberfest-stemninga, seier underhaldningssjef Kristian Hool Egge.

Klubben har lenge snakka om å få flydd inn eit ekte bayersk ompaband, men det har vist seg vanskelig å få oppretta kontakt med band i denne sjangeren. Tilfeldigheitene ville det til at Kristian Hansen, som var på jobbmesse i Sør-Tyskland, kom i prat med ein kar som kunne sette oss i kontakt med fire-fem store, tyske ompaband. Ping Pong Cluben kunne no plukke frå øvste hylle, og gjorde nettopp det. Etter kort tid var det skrive kontrakt med Hofbrauhaus Show.

For dei som ikkje har vore i München, er Hofbrauhaus den aller største og mest kjende ølhallen i byen, med omlag 5000 gjester kvar opningsdag heile året og eige festtelt på Wiesn under Oktoberfesten. SPPC har altså booka husbandet til Hofbrauhaus på sjølvaste opningshelga for Oktoberfest i München! Dette folkens, dette er STORT.

Her snakkar vi beinhard Ompa med allsang, bayersk folkedans, kuklokkespel og mykje meir. Bandet består av fem menn og ei kvinne. Stryn Ping Pong Club vil at flest mogeleg får oppleve dette, difor er Hofbrauhaus Show årets gratiskonsert laurdag kl 14 i teltet på Per Bolstad plass. Her bør alle Stryningar og tilreisande kjenne si besøkelsestid. Dette er “once in a lifetime” i Noreg. I tillegg vil dei spele (saman med Husbandet) både fredag og laurdag i Bierstube-teltet.