Bingo!
Det blir bingo i år også!
Vi kan herved berolige alle dei som har spamma Facebook-kontoen vår dei siste vekene med bøner, trygling og reine truslar: det blir bingo på oktoberfesten i år og!

Bingovertane Marius Flo, Geir Tonning og Kristian Hansen kan love at premieutvalet i år, tru det eller ei, er hakket over feitetysdagsbasaren i Betania. Det kan vere lurt å sjekke allereie no at bingotusjen ligg klar i skinnfutteralet på peishylla, for til helga kjem det til å vere utselt for skrivereiskapar på denne sida av Oppljostunnelen. Kjenner du suget etter kolonialkorg og feilbingo er det berre ein stad å befinne seg laurdag klokka 16, og det er i sirkusteltet.

Oktoberfest Stryn er smerteleg klar over brorparten av våre trufaste lesarar har under middels tolmodigheit. For dei som finn ventetida lang, tilbyr vi her ein aldri så liten ventesyssel du kan ta i bruk allereie første kvelden. Det er ikkje det same, vi er klar over det, men kan kanskje stagge dei verste rykningane i høgrehanda medan du ventar på the real thing. Print ut oktoberfestbingoarket og putt det innanfor blusen/ruteskjorta så du alltid har den med deg. Observer og kryss ut! Får du fullt hus kan du ta med utfylt bingoark til oktoberfestkardinal Kim Rune Flo, som vil gje deg ein premie etter sitt eige forgodtbefinnande.