Musikk for ein kvar smak
Vazelina starter ballet fredag kveld kl 21, men vi har og mange andre godbiter å by på.
Daniel Engen & The Hugin Band
Dei var her i fjor og, men så snart lauva byrjar å få den minste antydning til gulfarge så kjenner Stavangerbandet Daniel Engen & The Hugin Band på samme vis som trekkfuglen at det tek til å krible forventningsfullt i nedre regionar. Det er Oktoberfest Stryn som kallar, og svaret er som alltid JA! Den solbrillekledde orgelvirtuosen stiller med mellomgolvsmasserande Blues Brothers og tyske ompa-slagerar, og vi kan garantere kjempestemning både fredag og laurdag.

Oslo Blaaseorkester 
Ikkje nok med det, det har etterkvart vorte fleire gjengangarar på oktoberfesten. Nokre har det så kjekt i Stryn at dei berre MÅ tilbake. Eventuelt så signerte dei kontrakta bak scena klokka to laurdagskvelden året før. Vi er uansett glade over at Oslo Blaaseorkester kjem i år også. - Heile Stryn er jo med på festen! Vi gledar oss vilt, seier frontfigur Robin Bogstad.

Stryn Musikklag, Direksjonsmusikken, Kokken Tor
Er du ein av dei heldige 1% med helgapass, kan du også oppleve Stryn musikklag, Direksjonsmusikken, Kokken Tor, og ikkje minst Oktoberfesten sitt eige Husband, der kapellmeister Johan Olai Svidal som alltid har finkalibrert årets opptreden.

Husbandet
- Vi må faktisk ta stemninga ned eit par hakk frå i fjor. Det seier seg sjølv at når tre unge jenter frå Ulsteinvik, pluss ein Honndøl i førtiåra, spontant kom i puberteten idet husbandet drog igong første låt, må vi ta ansvar, sier Svidal. Du kan glede deg til ein slagerparade meir tettpakka enn slektstreffet for etterkomarane til Rune Rudberg.

Vazelina Bilopphøggers
PS: Vi har ikkje gløymt Vazelina, trekkplasteret frå Gjøvik har som seg hør og bør fått sin eigen sak, med raude striper på (les meir her).