Vazelina Bil-opphøggers
Vazelina Bilopphøggers inntek oktoberfestscena fredag!
Vazelina Bilopphøggers har røter tilbake til romjula 1979, heime i bryggarhuset til Arnulf Paulsen. Etter å ha delteke på landsfinalen i Rocke-NM i 1980 kom singleplata "Gi meg fri i kveld" og "Bilopphøggerboogie". Begge melodiane gjekk rett til topps på Norsktoppen.

Bandet har halde ei rekkje konsertar opp igjennom åra og står mellom anna bak slagerar som Blå lys, Surfbrett på  sløyden, Musikk til  arbe` med fleire. Vazelina står også bak fleire show og teateroppsetjingar, og bandet har medverka i eit utal tv- og radioprogram frå starten i 1980. Adventsserien «Hjulkalender» har til dømes gått fleire gonger på TV2. 

Vazelina Bilopphøggers er ein av særs få, om nokon, norske artistar som har drive kontinuerleg sidan starten. Så langt har bandets originale album solgt godt over 1 million album. Med alle «samle-album» og reklameprodukt dreiar det seg om meir enn 3 millionar. 

Diskografi:
1) 24 timers service 1980
2) Slitin' i knea 1981 
3) Blå lys 1982 
4) På tur 1983 
5) Fem fyrer med ved 1984
6) 5 års jubileum 1985 
7) Musikk tel arbe' 1986 
8) Gå for gull 1987 
9) Tempo 1989
10) Full behandling 1990
11) 11 år uten kvinnfolk 1992
12) Rock-a-Doodle  1994
13) Gammel Oppland 1994
14) Hææærli' på toppen ta væla 1996 
15) Hjulkalender 2000
16) Bedre hell` all medisin 2005
17) Bensin på bålet 2007

Vazelina Bilopphøggers er:
Kjetil Foseid
Jan Einar Johnsen
Eldar Vågan 
Arnulf Paulsen
I tillegg har dei med seg Terje Methi, Tor Welo og Even Finsrud på scena.