Bekledning
For å få maksimalt ut av Oktoberfest Stryn, bør du som besøkande ha utstyret i orden.
Bekledning på Oktoberfest Stryn

Grüss Gott! Vi nærmar oss årets høgdepunkt den 21. og 22. september. For å få maksimalt ut av Oktoberfest Stryn, bør du som besøkande ha utstyret i orden. Då meiner vi først og fremst bekledning. Dei aller fleste gjestene våre har kledd seg opp for festen, noko vi både legg opp til og ynskjer. Det gjer at festen vert meir autentisk og endå kjekkare for deg som gjest. Dersom du på ingen måte ynskjer å kle deg opp, vil du straks oppdage at du er i eit lite mindretal. Kanskje du sågar vil føle deg litt utanfor?

Kva er så rett bekledning?

For damene er det i all hovudsak Dirndl som gjelder. Dirndl kjem av det bayerske ordet Dirn(e) som betyr ung dame eller jente. I dag vil vi forstå Dirndl som ei bondepikedrakt beståande av ein topp (bluse red.anm.) med korte, gjerne posete armar, ein kjole, og eit forkle. Tradisjonelt var kjolen lang, men i våre dager kan lengda godt variere. Det finst og volktracht, det vi kallar gjerne bunad. Dette minner om den tradisjonell Dirndl, men fargar og broderingar skil seg frå region til region. Sko skal helst være svarte skinnsko, enkle og lave.

Du må gjerne pynte deg med eit smykke i halsen, kanskje eit kjede med Edelweiss-blomen. Dette skal du helst få av kavaleren din, då det har ein sterk kjærleikssymbolikk. Ein Edelweiss veks nemlig høgt til fjells, gjerne på skrentar og klipper, og det var både strevsamt og farleg å plukke desse vakre alpeblomane. Så om ein gut gjev ein Edelweiss til ei jente han er interessert i, vil ho forstå at han er villig til å risikere mykje for ho. Både Dirndl og Tracht vert brukt i Austerrike, Sveits og Sør-Tyskland. Og sjølvsagt på Oktoberfest.

For karane er det lærbukse, sokkar og skjorte som gjelder. Vi har ein lei tendens til å kalle alt av lærbukser for Lederhosen. Dette stemmer sjølvsagt ikkje. Det finst mange varianter av desse kjekke «benklærne». Ei ekte Lederhosen er ei kortbukse som ikkje går lenger ned enn til knea. Desse vart tradisjonelt brukt som arbeidskle på landsbygda i Austerrike og Sør-Tyskland. Men i våre dager blir det assosiert med ein slags bunad for denne regionen. Og den er sjølvsagt eit Muss på Oktoberfest. Ekte Lederhosen skal være handlaga av semska hjorteskinn, med knappar av hjortehorn og vakre broderi. Desse kostar litt vel mykje og er ikkje så lette å få tak i, heller ikkje i Tyskland.

Lederhosen kan brukast både med og utan bukseselar, men «frontlappen» må være med. Ein annan viktig detalj er at buksa ALDRI må vaskast. Har du ei bukse som har byrja å bli fettglinsande, vil du få anerkjennande nikk i München. Som sagt finst det og lengre variantar som vert kalla Bundhosen eller Kniebundhosen, desse går ned om kneet og er like populære som den korte varianten. Uansett lengde er det viktig å ha rett type sokkar. Sokkane kan variere i farge og tjukkleik, men må på ingen måte bevege seg over kneet.

På overkroppen skal du kle deg med ei langerma skjorte. Desse kan og skal variere i både mønster og fargar. Sjølvsagt finns også her gamle reglar, som til dømes at du for å vise at du kjem frå München kler deg i ei blårutete skjorte. Kvit skjorte kan brukast av alle, særskilt på nasjonale festdagar. Sko bør være svarte og laga av lær eller skinn med sole av tre. Hatt er viktig, det same er vest og jakke. Alt dette fortel kvar du kjem frå, kven du er og kva sosial status du har (eller hadde, red.anm.) No vart det kanskje litt mykje å fordøye, men fortvil ikkje! Vi er tross alt i Stryn, og det einaste vi ynskjer er at du kler deg opp til fest.

Har du ikkje skaffa deg noko av det som er nemnd ovanfor, treng du ikkje selge helgapasset ditt og gå gråtande til sengs (heilt endå). Laurdag 1. september kl 18.00 opnar nemlig Oktoberfest-butikken i Stryn, der du finn alt du måtte mangle. Og i forhold til ymse jalla-butikkar på internett, kan du hjå oss prøve kleda før du kjøper.