Mat og drikke
«Uten mat og drikke, duger helten ikkje» som Ivar Aasen så kjekt seier det.
Mat og drikke på Oktoberfest Stryn

«Uten mat og drikke, duger helten ikkje» som Ivar Aasen så kjekt seier det. Men – han har heilt rett. Mat og drikke er to viktige ingrediensar på Oktoberfesten. Og for dei fleste av oss, elles i livet også.

Vi starter med drikke. Øl er kanskje den aller viktigaste leskedrikken under Oktoberfest. På ein normal Oktoberfest i Stryn går det med vel 10 000 liter øl i løpet av helga. Så at folk likar øl er det ingen tvil om. I tillegg til vår hovudleverandør Ringnes, importerer vi alltid årets Oktoberfestøl frå München. Vi har og ein tradisjon for å fronte lokale bryggeri, og i år er det Olden Bryggeri som skal få vise seg fram. Dei har brygga eit eige øl spesielt til årets Oktoberfest.

For fire år sidan starta vi ein liten, lokal heimebryggeri-konkurranse. Her kan utstillarar kome og dele ut smaksprøver på det beste brygget sitt. Både konnjøl, IPA, APA og annja godt blir det mulig å få smaka på. Du skal ikkje sjå vekk frå at du kan lure ut av dei eit tips eller to og, hvis du bryggjer sjølv eller har lyst til å byrje med det. Til slutt vil ein meget oppegåande jury kåre ein vinnar i ølbryggekonkurransen. Elles på området vil du sjølvsagt få kjøpt både sider, vin, brus, vatn og kaffi, noko for ein kvar smak.
Maten har vore litt vanskeligare å få skikkelig dreisen på. Vi ynskjer at Oktoberfestmaten skal vere autentisk, velsmakande og av god kvalitet. Difor har det gått mykje i Schweinshaxe og spesiallaga krydderpølser med sauerkraut og Steckrübestappe. Det er både smakfull og riktig mat – men kan kanskje bli noko einsformig i lengda. Under årets festmiddag (her må du kjøpe ein eigen billett) blir det tradisjonen tru servert ekte Schweinshaxe med skikkelig tilbehør. I år kjem middagsunderholdninga heile vegen frå Hofbrauhaus i München, for å spele for oss. Utan om festmiddagen vil du sjølvsagt kunne få kjøpe laaange krydderpølser og tradisjonell hamburger i matbodene. Både Isehaug og vertshuset har eigne Oktoberfestmenyar.

I år har vi og noko nytt å tilby på matsida. Du kan seie at vi har gått litt lokalt i matvegen. Jan Lars Nesje serverer ein hjorteburger som dei fleste bør smake på. Burgeren er av lokalskoten hjort, servert med soppsalat, tyttebærstuing og særs grove hamburgerbrød. Ingebrigtane oppå Kyrkjeeide stiller med «Kjebab», altså kebab av Boer-geitekje. Denne vert servert av heilgrilla kje med eksklusiv salat og spesialdressing. Klubbens matekspert Rukas Hallor seier at «Kjebab» garantert kjem til å slå an på Oktoberfesten, så vel som SHL finalen (svensk hockey).

Alt dette vil du kunne få smake på, sjølv om du ikkje har sikra deg billett. Laurdag mellom kl 13 og 17 er det nemlig gratis inngong for alle. Uansett kva du likar, skal du ikkje gå svolten og tørst heim.