Oktoberfest i Stryn 2018
I år er det 11 år sidan ein gjeng med positive og engasjerte karar monterte eit telt i Stryn sentrum for første gong.
I år er det 11 år sidan ein gjeng med positive og engasjerte karar monterte eit telt i Stryn sentrum for første gong, i håp om at bygdefolket ville vere med på ein god fest. Lite visste vi då at det teltet skulle bli starten på ein fantastisk eventyr.

Det aller første året hadde vi kun lokale ompaband, og sjølvsagt Husbandet, på plakaten. Vi selde alle 350 billettane, og dermed var Oktoberfest Stryn eit faktum. Året etter bestemte vi at festen skulle vare i to dagar. Datoen er viktig, vi startar alltid same helg som i München. Vi får alltid spørsmålet : «Oktoberfest i September?». Ja, oktoberfesten i München startar i September og avsluttast første helg i Oktober.

Dei 3 første åra var det berre eit fåtal som hadde kledd seg opp, men dette skulle fort endre seg. Vår intensjon med oktoberfesten var å skape ei helg med eit mini-München i Stryn. Så då måtte vi også gå korrekt kledd. Med mange kremmarar i klubben kom det snart opp at butikk må vi ha. Vi oppdaga snart at desse kleda vart ganske dyre, inkl. frakt, toll osv., men ideen om at «alle» skulle gå i lederhosen og dirndl var framleis eit brennande ønske. Klubben bestemte difor at kleda skulle selgast med minst mulig forteneste, slik at alle skulle ha råd å kle seg opp.

Den same tanken gjeld billettprisane. Vi har auka prisen på helgapass med ca 50 kr i året, ettersom «riggen» blir større og større. Framleis er tanken at «alle» skal ha råd å kome på Oktoberfest Stryn. Overskotet vert delt ut blant frivillige organisasjonar i kommunen.

Etter 5 år vaks vi ut av småtelta. Ein kar i klubben hadde høyrt at det var eit sirkustelt tilgjengelig i Førde. Vi etablere kontakt og snart hadde vi kjøpt teltet. No begynte det å likne på noko. Vi kunne ha inn meir folk, meir lyd, meir underhaldning. Når du no går over festplassen etter klokka 20 kan du få følelsen av å vere på Wiesn-plassen i München. Flott opplyste «gater» og eit yrande folkeliv med ei god blanding av unge og gamle. Ompamusikk, godlukt av steikte krydderpølser, god Stimmung og ikkje minst godt øl.

Stryn Ping Pong Club er stolte av det vi har fått til. Men vi følte at vi hadde mist litt av allsong-opplevinga vi hadde dei første åra. Dermed sette vi i gong med å saumfare München for ekte bayerske ompaband. Eitt av våre medlemmer dumpa bort i eit band på ei messe i Tyskland, som viste seg å vere eitt av husbanda til Hofbräuhaus i München. Her måtte vi smi medan jarnet var varmt. Så det var store glede i klubben då dei takka ja og gjerne ville kome til Stryn og opptre for oss. Dette gledar vi oss stort til. No vonar vi at publikum vil stille på og bidra til at allsongfaktoren løftar seg betydelige hakk. For dette blir super Stimmung!