Oktoberfest-paraden
Laurdag 22.09.2018 klokka 12.30 inviterer Oktoberfest Stryn alle som er til stades til å vere med på paraden i Stryn sentrum.
Vi i Stryn Ping Pong Club, som arrangerer Oktoberfest Stryn, sin kongstanke er å lage årets beste fest i Stryn. Eit av våre mål er å gjere festen så autentisk lik originalen i München som mogeleg. Difor importerer vi bl.a. Oktoberfestøl frå München, og spesialbestiller ekstra lange pølser frå Nordfjord. Alt foregår i store telt. Vi har eigen Oktoberfest-shop, som sørgjer for at du får sjansen til å kle seg opp i rett antrekk. I år har vi til og med fått floge inn eit av ompa-husbanda til Hofbrauhaus Bierkeller i München. Og sjølvsagt har vi, som i München, vår eigen parade som no går for 11. år på rad.

Under Oktoberfest i München går paraden den første søndagen i den tre veker lange feiringa, og er eitt av dei mest populære innslaga under festligheitene. Den aller første paraden gjekk i 1835 for å feire 25-års bryllaupsdagen til Ludwig I og Therese. Deira bryllaup vart feira i 1810, med den aller første oktoberfest. I paraden stiller alle bryggeria med bryggerihestar, ein skokk av byens innbyggjarar (som faktisk må søke om å få gå, pga enorm pågang) og massevis av ompaorkester. Ordføraren går fremst, og ruta er 7 kilometer lang. Paraden vert avslutta på Theresienwiese, der ordførar og borgermester kakkar hol på ei øltønne og seier den velkjende strofen «O'zapft is» og dermed er Oktoberfesten i gang på nytt.

I Stryn går også ordføraren fremst, og vi har hestar og fleire orkester. Ruta er nok ein del kortare, vi nøyer oss med en liten runde i sentrum før vi ender opp i teltet for offisiell opning, med ordføraren og vår eigen bürgermeister. I år oppmodar vi spesielt alle som skal være med i ølbrygge-konkurransen om også å stille, slik at vi også får «bryggeri» med i  paraden. Ellers vonar vi at samtlige som er i Stryn sentrum vil vere med å gå i årets parade, ung som gammal. 

Oktoberfest Stryn er ein folkefest og alle er invitert!