Ølbrygging på årets oktoberfest
Vi gjentek suksessen og inviterer til tevling i ølbrygging.
Når Ping Pong-klubben i Stryn ber inn til oktoberfest i september, inviterer vi samtidig til ølbryggingskonkurranse. Dette har etter kvart vorte ein god tradisjon. 

Det blir sjølvsagt anledning til å smake på ølet til bryggarane, på lik linje med i fjor.

Konkurransen er inndelt i to klassar: "Tradisjonelt konnjøl" og "internasjonale ølstilar".  

Juryen vil legge vekt på faktorar som smak, farge og lukt. Arrangørene vil likevel setje pris på om deltakarane gjer ein god jobb med emballasje, etikett og historieforteljing, med meir. For deltakarar i klassen "internasjonale ølstilar" er det viktig å spesifisere kva for stil ølet er laga i. 

Alle som skal vere med i konkurransen må melde seg på ved å sende epost til brygging@oktoberfeststryn.no seinast 17. september.

Vi har i år - som tidlegare år - ein svært velkvalifisert jury. 

Kvar ølbryggar vil få anledning til å fortelje om sitt øl, og det blir sjølvsagt fantastiske premiar til vinnarane. Vi oppfordrar ølbryggarar frå heile landet til å stille opp i konkurransen.

For meir informasjon, kontakt konkurranseansvarlege Arve Aaning eller Svein O. N. Solum på brygging@oktoberfeststryn.no