Oktoberfest-shoppen
Cluben har sjølvsagt skreddar og butikksjef frå eigne rekker. Endre Bø er clubens ubestridte motemeister, og med sitt kontaktnett av leverandørar i dei bayerske alper  tilbyr han det meste av kva du måtte ønske. Du finn han og hans gode medhjelparar i Perhusvegen 24.   


OPNINGSTIDER VEKE 37 
Vi kjem attende med info!

Endre fortel; "Vi ping pongarane starta oktoberfestbutikk for nokre år sidan. Dette gjer vi for at gjestene våre skal kunne få tak i klede som passar til festen. Vi gjer det ikkje for å tene pengar, men for at festen skal bli betre. Våre prisar ligg 20-30% under det du finn på nettbutikkane, så det løner seg å handle lokalt. Eg trur kombinasjonen av klede, bartar og ompamusikk bidreg til at folk slår seg laus, og det er nok grunnen til at nokre meiner vi arrangerer Norges beste fest".