Oktoberfest shopen
Også i år har vi hatt vår eigen «Pop-Up Store» frå byrjinga av september.
Også i år har vi hatt vår eigen «Pop-Up Store» frå byrjinga av september. Her kan ein handle kle eller ulike typar tilbehøyr til vår eller andre oktoberfestar ein skal gjeste i løpet av hausten. Frå vi byrja å selje kle for sju år sidan har varesortimentet auka både i volum og kvalitet.

Unikt i Stryn
Det er etter kvart mange oktoberfestar rundt om i distriktet og i landet. Det som kanskje gjer festen i Stryn mest unik, er at dei fleste som gjestar festen har kledd seg opp. I byrjinga oppmoda vi folk til å finne fram gamle bondepikedrakter, og å sy sine eigne festkle. Vi tykte det var kjekt at folk var kreative heime, og oppkledde festgjester vart eit kjekt innslag på oktoberfesten. Vi fekk stadig fleire spørsmål om det ikkje var mogeleg å få tak i litt kjolar, brøker og hattar. Vi tenkte at dette kunne vere ein god idé, og skrapa saman det vi hadde i klubbkassa. Dette vart brukt til innkjøp av 30 kjolar, 30 brøker og eit lite antal hattar. Første året selde vi mykje av dette, så dette ville vi fortsette med.

Kvalitet
Det store vendepunktet opplevde vi i 2013. Då hadde vi selt brøker i tøy nokre år. Vi kom i kontakt med ein leverandør som også kunne levere skikkelege lederhosen, og kjolar av ein  annan kvalitet enn det vi hadde hatt tidlegare. Om det var høgare kvalitet, var også prisen det. Vi tok sjansen på å tinge 30 lederhosen, og tenkte at vi får selje dei i løpet av åra som kjem. 20 minutt etter at vi hadde åpna den 16 kvadratmeter store sjappa var det tomt, og folk sette seg på venteliste til neste levering. Deretter opplevde vi ein kraftig auke for kvart år, før det dei siste par åra har stabilisert seg. Til årets fest vil truleg selje 200 lederhosen og 300 kjolar.

Oppkledningsplikt?
Må ein kjøpe kle for å kome på oktoberfest? Svaret er sjølvsagt nei. Ein må ikkje kle seg opp, men mange tykkjer nok at dette spissar festen. Det er framleis lov, for ikkje å seie, det er fantastisk at folk er kreative heime. Sjølvlaga er vellaga. Vi ser likevel at veldig mange vel å kjøpe antrekk til festen, og vi ser at folk blir meir og meir kvalitetsbevisste. Vi prøver uansett å halde eit vidt spekter av varer, frå «starter-kit» til 18-åringen til «de luxe-pakka» til den kresne. Uansett antrekk er målet at kvar einskild gjest skal føle at Oktoberfest Stryn er ei unik oppleving.

Ope siste veka
Det nærmar seg fest. Butikken held open torsdag, fredag og dei to dagane festen held på. Det er ofte siste veka dei mest desperate kjem. Då nærmar det seg festen, og kleda som var tinga via nettet, kjem aldri fram eller var i håplause størrelsar. Hatter og strømper er og noko ein gløymer å skaffe seg før ein står og kler seg når dagen er komen. Vi vonar vi skal klare å hjelpe dei som ynskjer det i år og. Velkomen innom for ein fagprat og ein hyggeleg handel.