Husbandet jubilerer!
I år feirar Husbandet i Stryn Ping Pong Club 11 år.
Grüss Gott liebe Mench! I år feirar Husbandet i Stryn Ping Pong Club 11 år. I det herrens år 2007 såg den første Oktoberfest Stryn dagens lys. Det mangla ikkje på entusiasme og pågangsmot blant klubbens medlemmer. Det som mangla, var pengar til å leige inn musikk og underhaldning. Mange kloke haud var samla ein kveld, og resultatet vart: Vi går for 100% lokal underhaldning.

Vi tok kontakt med Stryn Musikklag – som straks sa ja. Det same gjorde Hornindal musikklag. Men der stoppa det, sjølv om vi absolutt trengte minst eitt innslag til. Då var det at Hr. Svidal kom med den dristige ideen: Vi set saman eit husband. Som sagt så gjort. Alle som hadde vore med i skulemusikken og liknande meldte si interesse, og etter ein kort audition var desse namna på blokka:
Johan Olai Svidal (kapellmeister) trekkspel
Jørn Sætre – tuba
Olav Næss – tangentar
Kristian Hansen – althorn
Svein Olav Solum – gitar
Thomas Thaule – perkusjon
Ingebrigt Kyrkjeeide – trompet

Dei to første åra utgjorde desse karane Husbandet. Endre Bø og Kåre Tonning var med på vokalinnslag som «Anne Mari» «Ein Prosit» og «Armkrokjen». Som forventa steig både popularitet og forventingar til Husbandet, og nokre små og viktige grep vart gjort av Kapellmeister Svidal. Inn kom også Elling Sølvberg på fele og Ivar John Erdal på saxofon. No var bandet snart fullkoment, men ut av det blå kom Olav Næss med ei bombe. Han hadde vore Junior-NM-meister i fele, og no når «Elling på bøna» skulle spele fele så ville han og. Kristian var lei av å stå i bakgrunnen og ville starte som vokalist. Thaule insisterte på å verte kalla «Charlie» (etter Rolling Stones-trommisen) Og, tru det eller ei, Solum ville frå no av være kobla til forsterkeren. Var suksessen gått til haude på Husbandet?

«Nei!» svarar Kapellmeister Svidal kontant på dette spørsmålet, dette var ei naturleg utvikling: «Vi var i en puppe og er nå endelig blitt den deilige sommerfuglen vi fortjener å være». På øving dette året vart det laga eit vokalsett med opp til fleire gjesteartistar, deriblant Konsul Kåre Tonning. Den første kvelden nekta han plent å gå av scena før Hr. Hansen hadde sunge ein Åge Alexandersen-låt. Hansen veksla eit kjapt blikk med kapellmeisteren, som deretter talde opp og BANG – der var Rosalita eit faktum! Denne vart så godt motteken at Kåre også vart med (som backing vokal) på laurdagen, og har vore med sidan.

Utallige gjesteartistar har vore innom, utan at dei har blitt innvia i det gode selskap. Etter kvart som åra har gått har vi merka at same kva artistar Stryn Ping Pong Club leiger inn, er det Husbandet som er mest populært. Husbandet har fått tallause speleoppdrag men takkar kun ja til Oktoberfest Svalbard. For å oppleve dette supreme husbandet, bør du opphalde deg i Bierstube mest heile helga.

NB: I år spelar Husbandet kun i Bierstube, fredag ca kl 22 og laurdag ca kl 22.

Husbandet ynskjer deg velkomen til årets Oktoberfest Stryn: Kapellmeister Svidal, Inge Vik (Ingebrigt), Jon Ivar (Ivar John), Tuba Jørn, Charlie Thaule, Hansen, Kåre Kanon, Elling på Bøna, Solo Solum, Korporal Næss.