Bart
Ein liten epistel om mannleg ansiktsbehåring.
Bart

Artb. Rtba. Tbar? Bart.
Bart, barten, bartar ein kan tenkje
seg mange måtar å
anlegge denne ansiktshårveksten som
i ein enkel ja, bart, men
navnet bart då skulle ein vel tru det
var bart som
barbert? Barten,
som i barten min,
barten til
naboen eller
barten til tanta til
naboen

Eg let dette vinnarbidraget frå Stryn Ping Pong Club sin halvårlege poesikonkurranse innleie denne korte epistelen om mannleg ansiktsbehåring. Bartar av alle slag har vorte ein viktig, om enn estetisk omstridt, del av Oktoberfest Stryn. Vi i SPPC er veldig glade i bart rundt denne helga i september. Faktisk byrjar dei fleste med sparing av bart rundt 1. august (nokre er endå tidlegare ute, det er fortsatt uvisst om det skuldast entusiasme eller sparsom hårvekst).

Kvart år blir det kåra ein bartevinnar laurdagskvelden, han med gølsen bart, han med ekstrem generell hårvekst i ansiktet, men som har pynta så fint på det, eller han som har spara på ansiktshår sidan desember og vore til frisør for å style det til slik han kan vinne heider og ære i konkurransen.

Andre er godt fornøgd med en liten mustasje, som det og blir kalla på fransk og italiensk. Schnurrebart prøvar mange (forgjeves) å få til, den kjem frå Tyskland og er ein oppoverbart på sidene. Fint ord faktisk, schnurrebart. Bart er i fleire religionar det samme som maskulinitet, virilitet og det beste fysiske beviset på manndom. Er du utan bart i fleire land, så ser dei på deg som mindre mann, så kraftig står barten i fokus. Det skal og nevnast at mange viktige menn som regel har hatt bart opp gjennom historia, frå Edvard Grieg til Ron Jeremy og nokre innimellom der.

Eg vil gjerne få hylle barten, denne flotte hårtusten som kjem drylande/sigande ut under nasa, som gjerne vil dele mat og øl med deg, og kanskje til og med smake på kvinnens leppe. Tre ganger tre hurra for barten! Lat den beste barten vinne!