Kjære festlyd!
Ei helsing frå Burgemeister Anne Margrete Tonning.
Det gler meg at eg som «Burgermeister» vert spurd om å skrive litt til Oktoberfesten. Det gler meg å høyre at folk har gledd seg i eit heilt år til denne helga, det gler meg å høyre at folk er ute etter husrom til neste års fest, at enkelte har vore for seint ute med å skaffe seg billett medan folk i Oslo som nærmar seg 80 år har skaffa seg billett for lenge sidan! (Til dei som ikkje har skaffa seg billett: På laurdag etter paraden er det gratis inngong i telta med mykje god underholdning og stemning. Alle er velkomne!)

Og, som eg har sagt ved fleire høve, eg er veldig stolt av «pingpongarane». Eg sat i lag med ein eldre herremann for nokre år sidan nettopp i teltet etter paraden, han er diverre død no. Han var rørt til tårer. Så bra, så kjekt og eit flott tiltak tykte han det var. Og dette med at alle er velkomne: “berre vi torer oss inn og har vit til å bli med! Det er våre eigen feil viss vi ikkje går. Vel kan musikken bli i høgaste laget, men vi toler det for ei stund”, sa han. Kloke ord spør du meg!

Mange kallar Oktoberfesten for «ølfest», og lurer på kvifor det er oktoberfest i september. Oktoberfesten startar i München og i september, men varer inn i oktober. Her klarar vi oss med to dagar. «Ølfest» - visst blir det konsumert ein del øl, det veit og ser eg og, men du vel sjølv kor mykje du vil drikke – eller om du vil la vere – anna enn kaffi og alkoholfritt. Oktoberfest er det likevel, og eg må seie at eg reagerer når ungdom seier «det vart ikkje noko fest på meg – eg var sjåfør». Då må det vere noko gale med oss, når vi må drikke alkohol for å ha det kjekt. Vel kan det gjere oss friare, men gleda kjem vel innanfrå trur eg.

Eg både trur og meinar at «pingpongarane» - dei fleste fødde og oppvaksne her i Stryn, eller innflyttar som klubben er flinke til å fange opp, har forstått innhaldet i Arne Paashe Aasen sitt dikt: «De nære ting». Eg siterer nokre vers:

Ditt sinn monne flyve så vide omkring,
det er som du glemmer de nære ting.
Det er som du aldri en time har fred,
du lengter bestandig et annet sted.

Du syns dine dager er usle og grå.
Hva er det du søker? Hva venter du på?
Når aldri du unner deg rast eller ro,
kan ingenting vokse og intet gro.

Den lykken du søker bak blånede fjell,
kan hende du alltid har eiet den selv
Du skal ikke jage i hvileløs ring,
men lær deg å elske de nære ting.
Lukke til med førebuingar og festen, eg gler meg!

Anne Margrete Tonning – Burgermeister Oktoberfest Stryn