Vil det ingen ende ta?
Kardinal Kim Rune Flo helsar!
Vi går inn i vårt 11. år, og populariteten vår ser ut til å halde seg rimelig bra. Rekord på billettsalget, og utsolgt også i år! Erfaringane vår frå utvidinga til 3.400 gjestar i 2017 var gode, og vi legg oss på dette antallet også i år.

Området vårt blir ganske likt som i fjor, men vi vil utnytte "lisje-teltet" på Per Bolstad plass betre, og satse på underhaldning som er meir spissa mot Oktoberfestkonseptet der. Det gledar eg meg serskilt til. I sirkusteltet køyrer vi underhaldning som mange er kjende med og gir full gass!

Nytt av året er eit spildrande nytt butikklokale inne på området. Vi håpar folk kjem innom og handlar klede og anna lekkert utstyr. Her blir det lått og løje, og rom for ein god handel av vårt herlege personale.

Gjengen som leiar Oktoberfest er rutinerte, og gjer ein knalljobb! Mykje går av seg sjølv, og eg må berre skryte av det dei legg ned av innsats heile året.

Men som alltid er det kvar enkelt SPPC-medlem som skaper dette. Dei legg og ned ein stor innsats for at Oktoberfest Stryn kan gjennomførast. Det er dei som stiller med 1000-vis av dugnadstimar for at Stryn skal ha ein av landets beste festar kvart år!

Eg gler meg til å sjå dykk att, velkomen!